2026-04-13 Hei, verda
No òg på norsk!
Dette er berre ei kort opningsmelding for å markere kor eg har tenkt å sende norsspråklege tekstar. Eg tenkte det kunne vere kjekt å skilje dei to i tilfelle nokon skulle ønske å filtrere på språk. Det er mogleg å abonnere på dei norske innlegga mine frå oversikta i lenka under. Både norske og engelske innlegg vil bli delt til Antenna, så om du brukar Antenna eller ei anna teneste som hentar innhald derifrå, vil du få begge to uansett.
Etter kvart håpar eg å finne tid og ork til å skrive litt om andre tema enn gemini sjølv. Oppvarming er for pysar, så første utkastet eg har liggande er ein liten tekst om kjernevåpen, men det kan sjølvsagt hende eg finn noko anna å skrive om før det utkastet blir klart. Eg har ingen stor plan for kva eg kjem til å publisere her, så innlegga blir sannsynleg ganske vidtfamnande.
Alle sendingar
Sendingar på engelsk
Attende til rymden